tirsdag 24. april 2007

Vinter eller vår?

Det er sikkert enormt mange som lurer på om snøen snart har smelta her nord. Vel, me får stadig påfyll av litt "tinsny", som dei seier, så no er det nok under ein meter nederst i hagen.
"Tinsny" = den snøen som kjem om våren og som gjer at den gamle snøen smeltar ennå raskare. Skal helst uttalast med tynn og pipete stemme.

Og som de ser så har det eine bedet kome fram og påskeliljene og tulipanane har såvidt begynt å spira. Me berre minnar om at me i desse tider feirer 10-års-jubileum for snørekorden på 2,4 m, som vart sett 29. april 1997. Ser ikkje ut som om me greier å slå den rekorden i år heller.....


April er forresten den flottaste månaden til å gå på toppturar. På søndag var me saman med Helga og Svein på Ullstind (1078 m.o.h.). Veret var strålande og me hadde flott utsikt til bl.a. Lyngsalpan.

Litt rart at det ikkje er spor heilt ut på kanten bak der......

Ingen kommentarer: