tirsdag 12. juni 2007

Klimaflyktningar

I helga vart me klimaflyktningar for nokre dagar. Antageleg ikkje i ordets rette forstand, men me vart litt lei av sommarlege reportasjar sørfrå, så me tok ein impulstur til utlandet.


Første stopp vart turiststasjonen i Abisko, like over grensa til Sverige. Dette er utgangspunktet for mange turgåarar, enten ein vil gå nordover Nordkalottruta på norsk side ellers sørover Kungsleden på svensk side. I Sverige er det viktig å ikkje bli våt på beina, så det skal ikkje mykje til før det er bygd opp lange "plankevegar". Men Irene syntes det var heilt topp å balansera.


Neste stopp vart Kiruna, som berre ligg ein time søraust for Abisko. Her er landskapet ganske fasinerande, sidan det er laga til store fjell av malm frå gruvene.

Me var svært nøgde med konseptet på "familiestugorna" på Kiruna camping. Utanpå såg det ut som ei vanlig campinghytte, men inni likna det meir på eit hotellrom. Dobbeltseng, TV på veggen og kjøkkenkrok med micro i hovudrommet, og så eit eige soverom med køyeseng til Irene.


Det vart vel ikkje dei heilt store sommartemperaturane på oss, men me fekk oss i alle fall ein tur gjennom tre land. (På veg heim kjørte me via Finland.)

Ingen kommentarer: