mandag 26. mai 2008

Sesongens siste??

Sist veke var eg på ein nydeleg skitur til Stormheimfjellet (1181 m.o.h.). Det var skyfri himmel, vindstille og silkeføre. Over ca. 500 m. var snøen heilt tørr, og det låg eit fint lag med nysnø på det litt hardare underlaget. Fjellet ligg på fastlandssida mellom Ramfjorden og Ullsfjorden, og var akkurat passe bratt både opp og ned. Det er sjeldan eg har kosa meg sånn på nedkjøringa etter ein topptur.

Utsikt frå toppen mot meir alpine tindar, bl. a. Hamperokken.

Utsikt motsatt veg mot Breivikeidet og Ullsfjorden. Kanskje dette var sesongens siste skitur, men det hadde jo vore kjekt med ein tur i juni òg....

1 kommentar:

Reier sa...

Fy flate. Det er slikt som får ein til å lengta tilbake til kaldare breddegrader.