fredag 19. juni 2009

Ein epoke er over for Irene

I går var det sommaravslutning og feiring av barnehagen sitt 5-års-jubileum. Det vart markert med ei kunstutstilling på Selnes skule.

Her viser Irene fram noko av det ho har laga gjennom året, og det er ikkje lite. Me kan nevna vev, maske i pappmasje, planeten Mars, smykke på glasshytta Blåst, stearinlys, akvarium med vulkan og mange bilete.

Irene er den som til no har gått lengst i Lekestua familiebarnehage, heile 5 år, og den einaste som sluttar dette året. Og då vankar det ei "lita" gåve frå barnehagen og Sissel (styraren).

Her er Irene med ein flott tursekk som inneheldt både sovepose, grillpinne og ein skikkeleg kniv. Det seier vel òg litt om kva slags aktivitetar barnehagen har prioritert i desse 5 åra.

I dag har Irene prøvd kniven og fekk spikka seg ein ganske så spiss pinne i finveret på Hella.

Til slutt eit bilete av den fantastiske landsdelen me bur i, ikkje minst på sommardagar som denne. Og så får me berre godta at me snart har ei skulejente i huset....

Ingen kommentarer: