lørdag 8. august 2009

Ferieavslutning

Då er det jammen på tide med ei ny oppdatering på bloggen. Ein lang og innhaldsrik sommar går mot slutten, og me startar med det siste.

Denne veka har me vore eit par dagar på Rostahytta i indre Troms. Det er ca. fem og ein halv kilometer å gå, og i år klarte Irene (og Live) turen på under to og ein halv time.

Hyttene ligg flott plassert like ved Rostaelva, og når temperaturen i lufta ligg på mellom 20 og 25 grader er det ikkje noko problem å bada heller.

Her har me gått eit lite stykke vidare innover dalen og funne ein flott badeplass.

Utsikt utover dalen med hyttene og Likkafjellet i bakgrunnen.

Så får me sjå om det kjem nokre fleire feriebilete etter kvart.

1 kommentar:

Anonym sa...

such a damn hot sexy body I want to get her nkd and make her feel sooooooooooooooooooooooo good