tirsdag 14. september 2010

Nydeleg haustver

Dei siste dagane har me hatt eit strålande haustver her nord, god temperatur og flotte haustfargar.

Haustfargane kjem kanskje ikkje så godt fram på dette første biletet frå Kjølen, men det var absolutt på sin plass med ein hausttur hit. Etter å ha budd 10 år i Tromsø er det faktisk første gong eg er her på sommarføre (men har vore utallege gongar om vinteren). Utsikten er mot Tromsøya og Tromsdalstind.

Her har Irene og Live klatra opp i eit tre ved Rundvannet på Tromsøya. Ikkje så langt å gå dit akkurat, men ein perfekt plass for å grilla samtidig som me feira at Irene har funne alle 45 postane i Stifinner'n (turorientering for barn). Og Live har vore med på 20 av dei.....

Ingen kommentarer: