søndag 3. oktober 2010

Haustferie i Finland

I helga hadde Tromsø kommune spandert heile 2 dagar haustferie på oss (dvs. dei av oss som er avhengige av skulen sine fridagar). Så då tok Live (og me andre) ein tur til Levi.

Det er 5-6 timar å kjøra til Levi frå Tromsø, og det store trekkplasteret var eit nyopna badeland med heile 18 ulike basseng og både lyd- og lyseffektar. Dessverre har me ingen bilete frå badelandet, men me vart våte 2 dagar på rad og alle storkoste seg.

Den eine ettermiddagen kjørte med opp på Levi-fjellet og tok ein liten rundtur. Fjellet er nesten heilt rundt og ikkje høgare enn 500 m, men finnane har utnytta det til fulle og klart å laga ei mengde alpinbakkar. Spørs om me ikkje må tilbake hit om vinteren ein gong....

Hyttene i Finland er tydelegvis store (i alle fall høge). Her er eit flyfoto av hovudromet teke frå hemsen.


Me likar oss på fjellet og måtte sjøvsagt oppsøka dei "haugane" som var i nærleiken. Her er Live og Irene frå seg av beundring på veg opp på Yllästunturi med gondolbanen.

Dette fjellet er på over 700 m og det var bitande, kald vind på toppen. Ein ekstra grunn til å besøka Ylläs var at Tore brukte data herfrå då han skreiv hovudoppgåva i meteorologi for over 10 år sidan. Litt vel seint å studera dei lokale tilhøva, kanskje......

1 kommentar:

Anonym sa...

Der har vi aldri vært. Høres ut som en kjekk og annerledes tur. Vi drar til Vestlandet i morgen og blir der i 3 veker. Men så blir vi hjemme i jula. Kanskje vi treffes da? Hilsen Toril A.