onsdag 20. oktober 2010

Vinteren er her!

Då er vinteren godt på plass i Tromsø, så får me sjå kor mange dagar han varer i denne omgangen. Det er i alle fall godt med litt snø som gjer mørke ettermiddagar og kveldar litt lysare.

Oppe i skogen er det allereie reine julestemninga med eit fint snølag på trea. Det er enno litt for lite snø til å gå på ski i lysløypa, men det er ikkje så mykje som skal til for alle.

Live er klar for sin første skitur, men i første omgang har ho nok funne litt for store sko :-)

Men skitur vart det. Her er Irene og Live på tur i hagen og innsatsen er det ikkje noko å seia på.

Litt skeptisk kanskje, men med litt hjelp kom Live seg eit par rundar i løypa som Irene gjekk opp. Me satsar på meir skitrening framover og no ynskjer me oss ikkje mildver før etter påske!!

3 kommentarer:

kari sa...

Fantastiske bilder! Jentane e jo blitt så store! Hvis dåkk blir lei av snøen sånn etterkvart, så kan eg tipse dåkk om ein plass som ikke har snø....

Anonym sa...

Vet du hvor sent påsken kommer neste år?:) Her i Haugesund hvor vi befinner oss for øyeblikket, var det også hvitt på marka i morges, men ikke så mye snø igjen nå i kveld. Morsomt å se Live på ski-.Ungene vokser så fort at det er nesten nifst. Her i huset går minstemann i første klasse nå. Så nå er alle barnebarna skoleunger. Hilsen Toril A.

Tore sa...

Ja, me veit kva tid påska er, men skiføre ut april er topp uansett. Skulle me mot formodning bli lei, så får me heller ta ein påsketur til deg, Kari :-)