På toppen var det til og med vindstille, og me kunne nyta både veret og pannekakene som Ingrid laga på stormkjøkkenet.
lørdag 21. august 2010
Tur til Sørtind
Då er det jammen på tide med eit blogginnlegg att etter ein lang sommarferie. På ein så flott seinsommardag som i dag, er ein nødt til å koma seg ut på tur. Og det passa jo perfekt at familien Asdahl hadde tenkt seg på den same toppen som oss :-)
Her er Live, Irene og Sigurd på nesten 470 moh. Ikkje så høgt, men det var likevel kjempefin utsikt frå toppen. Irene var den einaste av oss som hadde vore på Sørtind før. Ho gjekk hit saman med barnehagen allereie for 2 år sidan.
onsdag 23. juni 2010
Jonsokfeiring, eller....??
Då har me passert jonsokafta og det går allereie mot vinter.
Her i nord ligg snøen langt nedover fjellsidene og i går hadde me skikkeleg oktober-ver med kuling og regn.
Difor har me no fylt opp vedlageret og er klar for fyrings-sesongen. 2 favner ved vart i ettermiddag stabla under altanen, og heile familien var medverkande.

Det vil seia; Live var vel mest med for å læra.... Her sit ho i køysenga si, og er uvitande om at det eigentleg burde vore 15 grader varmare ute.
Såpass uvitande at både ho og søstera trur at det var julafta og ikkje jonsokafta me feira i kveld. Vel, vel, dei bomma berre med seks månader....
Uansett grått ver eller ikkje; - Live oppfordrar alle til å ta ein liten trall: "For om regner pøser, om sola skinner, kan du ha det gøy. En super-duper dag, den er din."
Det vil seia; Live var vel mest med for å læra.... Her sit ho i køysenga si, og er uvitande om at det eigentleg burde vore 15 grader varmare ute.
søndag 30. mai 2010
Share the moment!
I helga tok me ein snartur til Oslo og Telenor Arena. Og det var absolutt verdt det å for første gong få med seg ein Melodi Grand Prix-finale live. For eit show!!!
Her er me klar utanfor Telenor Arena. Kathrine i ny kjole for høvet.
Og jammen traff me på kjentfolk òg. Steminga var på topp allereie lenge før finalen hadde begynt. Kathrine prøvde til og med å bytta til seg eit tysk flagg, sidan det heile tida har vore vår favoritt.
Men me måtte klara oss med det norske flagget, og Didrik var jo ikkje så verst han heller. Me hadde veldig bra plassar på den bakerste tribunen, og sjøv om artistane var litt langt unna, var lyd og lys upåklageleg. I tillegg fekk me med oss det meste på storskjermar.
Her er salen snart fyllt opp før sending, og ei gruppe varma opp med gamle Grand Prix-slagerar.
Det var rett og slett imponerande korleis scenen forandra seg mellom dei forskjellige artistane, og det var ein av dei tinga som var mykje betre å oppleva live enn på tv. Steminga i salen var òg enorm, og til slutt vart det fortent jubel for Lena og Tyskland!
Så då spørs det om me må planleggja tur til Tyskland 21. mai neste år, for dette gav meirsmak :-)
Så då spørs det om me må planleggja tur til Tyskland 21. mai neste år, for dette gav meirsmak :-)
mandag 17. mai 2010
Tidenes 17. mai
Årets 17. mai vart tidenes varmaste i Tromsø (og sikkert mange andre stader i Nord-Noreg). Den tidlegare rekorden på 18,6 grader frå 1937, vart slått ned i støvlane. I dag har me vore oppe i 21,3 grader. Dermed var det berre å leggja dressjakken att heime, for dei som kunne det...
Irene gjekk saman med resten av 1. klasse i barnetoget på Kvaløysletta, medan Live er nøgd berre ho får lov til å gå. På biletet under er ho på tur saman med storesøster. Og ullsokkane er kun for at foten skal passa i sandalane, ikkje fordi det er så kaldt....
Berre synd me ikkje har passert pinse enno og den berykta "pinseria"....
Berre synd me ikkje har passert pinse enno og den berykta "pinseria"....
søndag 2. mai 2010
Barnegospelfest
I helga har Irene (og Live) vore på barnegospelfest her i byen. Det var samla fleire kor frå Narvik i sør til Svalbard i nord, og til saman var det rundt 100 barn. Det store trekkplasteret var jentegruppa Seven, og i går var det stor felleskonsert.
Irene er med i Kvaløysletta Barnegospel. Ikkje så lett å sjå henne kanskje, men ho er ei av dei i oransje T-skjorte. Og på videoklippet ser det ut som Live er heilt klar for opptaksprøve i Seven....
onsdag 21. april 2010
Vårstemning
No er det vår i byen med lange, lyse dagar og mulighet for topptur på ettermiddagen. Her er nokre bilete frå ein tur på Lille Blåmann i dag. Veret var strålande og føret var nesten like bra etter nysnøen som har kome i det siste.
mandag 12. april 2010
Live-moments
Som de ser har Live fått seg ny seng; køyseng....
Det gjeld å liggja i ro slik at ikkje den over vaknar. (Evt. sidan det ikkje er mogleg å strekkja ut beina.)
Ikkje noko særleg betre beinplass i overkøya, men for Live såg det ut til å vera det same kvar ho låg, berre ho fekk lov å liggja i den flotte senga.
Her eit litt meir ungdommeleg motiv av Live der ho er lettare henslengt i saccosekken framføre TV'en. Ho var faktisk svært oppslukt av eit Melodi Grand Prix-program:-)
Og så er ho kjempenøgd med at ho no kan åpna og lukka døra til sitt eige rom. Kanskje greit å få litt tid for seg sjølv av og til...
Abonner på:
Innlegg (Atom)