lørdag 13. november 2010
Sol og skitur
I dag har eg vore på vinterens første skitur på fjellet i det som nok er nokre av dei siste solstrålene for året. Føret var ikkje så verst, sjølv om det er litt i minste laget med snø enno. Men så lenge eg brukar grus- og asfaltskia er det ikkje så farleg.

tirsdag 2. november 2010
Tur til Malangen
I helga fekk me lyst på ei lita utflukt, og valet fall til slutt på Malangen brygge. Her kan ein leige både rorbuer, hytter, leiligheiter, hotellrom, luksushytter og luksusrorbuer. Alt er bygd opp i løpet av dei siste åra, og me havna på ei "vanleg" hytte frå laurdag til søndag.

Irene kommenterte når me kom heim at det var ein veldig barnevenleg plass (kan ho ha høyrt det frå nokon andre...), og det var kanskje først og fremst leikeplassen ho sikta til.

Her ser me jentene framføre hotellbygningen som stod ferdig før sommaren, og til neste sommar skal det opnast ein eigen spa-avdeling i 3. etasje.
Irene kommenterte når me kom heim at det var ein veldig barnevenleg plass (kan ho ha høyrt det frå nokon andre...), og det var kanskje først og fremst leikeplassen ho sikta til.
onsdag 20. oktober 2010
Vinteren er her!
Då er vinteren godt på plass i Tromsø, så får me sjå kor mange dagar han varer i denne omgangen. Det er i alle fall godt med litt snø som gjer mørke ettermiddagar og kveldar litt lysare.
Oppe i skogen er det allereie reine julestemninga med eit fint snølag på trea. Det er enno litt for lite snø til å gå på ski i lysløypa, men det er ikkje så mykje som skal til for alle.
søndag 3. oktober 2010
Haustferie i Finland
I helga hadde Tromsø kommune spandert heile 2 dagar haustferie på oss (dvs. dei av oss som er avhengige av skulen sine fridagar). Så då tok Live (og me andre) ein tur til Levi.
Det er 5-6 timar å kjøra til Levi frå Tromsø, og det store trekkplasteret var eit nyopna badeland med heile 18 ulike basseng og både lyd- og lyseffektar. Dessverre har me ingen bilete frå badelandet, men me vart våte 2 dagar på rad og alle storkoste seg.
Den eine ettermiddagen kjørte med opp på Levi-fjellet og tok ein liten rundtur. Fjellet er nesten heilt rundt og ikkje høgare enn 500 m, men finnane har utnytta det til fulle og klart å laga ei mengde alpinbakkar. Spørs om me ikkje må tilbake hit om vinteren ein gong....
tirsdag 14. september 2010
Nydeleg haustver
Dei siste dagane har me hatt eit strålande haustver her nord, god temperatur og flotte haustfargar.
Haustfargane kjem kanskje ikkje så godt fram på dette første biletet frå Kjølen, men det var absolutt på sin plass med ein hausttur hit. Etter å ha budd 10 år i Tromsø er det faktisk første gong eg er her på sommarføre (men har vore utallege gongar om vinteren). Utsikten er mot Tromsøya og Tromsdalstind.
lørdag 21. august 2010
Tur til Sørtind
Då er det jammen på tide med eit blogginnlegg att etter ein lang sommarferie. På ein så flott seinsommardag som i dag, er ein nødt til å koma seg ut på tur. Og det passa jo perfekt at familien Asdahl hadde tenkt seg på den same toppen som oss :-)
Her er Live, Irene og Sigurd på nesten 470 moh. Ikkje så høgt, men det var likevel kjempefin utsikt frå toppen. Irene var den einaste av oss som hadde vore på Sørtind før. Ho gjekk hit saman med barnehagen allereie for 2 år sidan.
På toppen var det til og med vindstille, og me kunne nyta både veret og pannekakene som Ingrid laga på stormkjøkkenet.
onsdag 23. juni 2010
Jonsokfeiring, eller....??
Då har me passert jonsokafta og det går allereie mot vinter.
Her i nord ligg snøen langt nedover fjellsidene og i går hadde me skikkeleg oktober-ver med kuling og regn.
Difor har me no fylt opp vedlageret og er klar for fyrings-sesongen. 2 favner ved vart i ettermiddag stabla under altanen, og heile familien var medverkande.

Det vil seia; Live var vel mest med for å læra.... Her sit ho i køysenga si, og er uvitande om at det eigentleg burde vore 15 grader varmare ute.
Såpass uvitande at både ho og søstera trur at det var julafta og ikkje jonsokafta me feira i kveld. Vel, vel, dei bomma berre med seks månader....
Uansett grått ver eller ikkje; - Live oppfordrar alle til å ta ein liten trall: "For om regner pøser, om sola skinner, kan du ha det gøy. En super-duper dag, den er din."
Det vil seia; Live var vel mest med for å læra.... Her sit ho i køysenga si, og er uvitande om at det eigentleg burde vore 15 grader varmare ute.
Abonner på:
Innlegg (Atom)